Kinn Bryggerier fra Florø.

Kinn leverer i hovudsak upasteurisert og ufiltrert øl på fat. Alt ølet blir produsert i åpne gjæringskar med ekte overgjær. Dette er tungvint og gamaldags, men Kinn Bryggeri meiner at åpen gjæring gir eit meir komplekst øl med større smaksrikdom.

ENGELSKE OG AMERIKANSKE ØL

PILEGRIM flaske-stor

Pilegrim er ein lys og frisk engelsk bitter i Yorkshire-stil. Dette er flaggskipet vårt og det fyrste ølet som vi bryggja i starten i 2009.

Den er som alle våre engelske øl basert på den beste malten på marknaden: Maris Otter Pale Ale Malt frå Thomas Fawcett, samt lys karamellmalt. Bitterheita er tydeleg og humlearomaen er frisk.

Vi brukar ein miks av tradisjonelle engelske humlesortar for å gi den rette blandinga av krydder, jord og sitrustonar i aromaen.

Mat: Lyst kjøtt, sterkt krydra mat

ØLTYPE ALKOHOL BITTERHEIT VØRTERSTYRKE FARGE
Engelsk lyst øl 4,7% 30 IBU 11,6 P° Gylden fargeGylden

Temperatur:8 – 12 C°

DAMPENDampen flaske 75cl

Klassikeren innan ølstilen er sjølvsagt Anchor Steam Beer, men Dampen står ikkje tilbake for originalen. Medan originalen er gjæra med lagergjær på høg temperatur, brukar vi vår allsidige London-gjær på låg temperatur for moderat fruktigheit og eit godt maltpreg.

Dampen har ein fin balanse mellom humle og malt, med ein tanke overvekt på humlen. Vi brukar kun Northern Brewer i dette ølet. Den gir ein rein beisk smak og ein krydra aroma med tonar av tre, mint og solbær. Maltblandinga er Maris Otter Pale Ale Malt og Krystall malt.

Dette ølet vart fyrste gong bryggja til arrangementet Fjordsteam i Florø i 2010, men vart raskt så etterspurt at vi måtte bryggje det heile året.

Mat: God matøl til mange rettar. Taklar godt både krydder og feitt.

ØLTYPE ALKOHOL BITTERHEIT VØRTERSTYRKE FARGE
Amerikansk dampøl 4,7% 30 IBU 11,6 P° KoparfargaKoparfarga

Temperatur:8 – 12 C°

VESTKYSTkinn_vestkyst_glass

Vestkyst er alle humleelskar sin våte draum. Vi brukar alt for mykje amerikansk humle, og resultatet er Humulus lupulus extravaganza!

I eit så kraftig humla øl blir dei fine, fruktige smaksnyansane frå den opne gjæringa meir kamuflerte, men maltblandinga med Martis Otter og to sortar krystallmalt er viktige for å balansere humlen. Nesten all humla blir tilsett siste 30 minutt av kokinga, noko som løftar smak og aroma på ølet. Og så tørrhumlar vi i 10 dagar med 2 g/l Centennial, Citra, Columbus og Amarillo. Resultatet er enormt aromatisk. Deilig og forførande sitrusbombe.

Mat: Sterkt krydra mat og feite kjøttrettar

ØLTYPE ALKOHOL BITTERHEIT VØRTERSTYRKE FARGE
Amerikansk Indiaøl 7,0% 100 IBU 16,8 P° KoparfargaKoparfarga

Temperatur:8 – 14 C°

SJELEFRED469925

Sjelefred er ei svært smaksrik øl trass i det moderate alkoholinnhaldet. Smaken er maltfokusert med ulike nyansar av karamell og røsta malt. Vi har blanda seks ulike sortar malt frå handverksprodusenten Thomas Fawcett i England for den perfekte balansen: Maris Otter Pale Ale Malt, Crystal Malt, Dark Crystal Malt, Amber Malt, Pale Chocolate malt og Chocolate Malt.

Humletilsettingane er moderate for å ikkje ta fokuset bort frå malten. Husgjæra vår frå London jobbar på og bind det heile saman med sine typiske engelske fruktige tonar.

Mat: Storfe og vilt, gryterettar

ØLTYPE ALKOHOL BITTERHEIT VØRTERSTYRKE FARGE
Engelsk brunt øl 4,7% 25 IBU 11,8 P° Mørk brunMørk brun

 Temperatur:10 – 14 C°

PRESTESONEN456226&width=300&height=370&zwidth=300&zheight=370&x=150&y=186

Prestesonen er eit mørk brunt  øl med røtter i den mest populære øltypen i England rundt år 1800. Det er bryggja med dei maltsortane ein hadde på den tida: Pale, amber og brown malt. Dette lagar eit svært smakskraftig maltpreg med ein stor aroma av mørk kaffe og sjokolade.

Prestesonen er eit unikt øl som kjennarar av mørke ølsortar vil setje stor pris på. Og på autentisk gammaldags engelsk måte er det sjølvsagt gjæra i opne Yorkshire squares!

Mat: Kraftige kjøttrettar eller som vintervarmar.

ØLTYPE ALKOHOL BITTERHEIT VØRTERSTYRKE FARGE
Engelsk porter 5,7% 50 IBU 15,5 P° Mørk brunMørk brun

Temperatur:10 – 14 C°

SVART HAVSvart-Hav-flaske-75cl

Tørr stout kan lett bli litt eindimensjonal, men i Svart Hav har vi balansert ingrediensar og prosess slik at produktet blir meir smaksrikt og interessant enn den klassiske irske stouten, likevel utan at det går på bekostning av lettdrikkbarheit.

Dette er jo ei klassisk pub-øl som skal kunne drikkast i store glas. Av ingrediensar brukar vi Maris Otter Pale Ale Malt, Crystal Malt, Dark Crystal Malt, Roasted Barley og Northern Brewer Humle. Roasted barley er umalta bygg som blir varma opp til så sterk temperatur at det blir nesten svart. Dette gir den intense brente/røstige smaken og den svarte fargen.

Svart Hav er hovud-sakleg prega av denne mørke maltsmaken med karamell, rosin, sjokolade og kaffetonar.

Mat: Kraftige kjøttrettar og mat med sjokolade.

ØLTYPE ALKOHOL BITTERHEIT VØRTERSTYRKE FARGE
Engelsk staut øl 4,7% 35 IBU 11,8 P° KolsvartKolsvart

Temperatur:10 – 14 C° 

 

SVARTEKUNST456496

Svartekunst er ølet vi bryggja sommaren 2011 for å feire at vi hadde runda brygg nr 100! Det er årgangsmerka med 2011 og vi vil halde fram med å produsere det kvart år. Vi vil nok justere oppskriftene litt frå gong til gong, slik at det kan bli svært interessant å lagre nokre flasker av dette ølet til seinare smakingar.

Det er som etiketten antydar eit svært potent og kraftig øl. Smaken er dominert av kaffe, brente tonar, røyk og lær. Det er godt utgjæra og har ei tørr, humlebitter avslutning. Med lagring vil smaken bli rundare og mjukare og bitterheita vil bli tona ned og venteleg vil også ølet utvikle meir vinøse tonar.

Vi meiner at ølet vil kunne tole inntil 20 års lagring. Difor har vi merka det med ”Best etter 2013”.

Mat: Sjokolade, kaker, nøtter og peiskos

ØLTYPE ALKOHOL BITTERHEIT VØRTERSTYRKE FARGE
Foreign Extra Double Imperial
Russian Export Stout Porter
10,0% 80 IBU 23,0 P° Svart

Temperatur:12 – 16 C°

Belgisk øl-

JUBILEUM456205&width=53&height=203&zwidth=53&zheight=203&x=27&y=102

Jubileum vart fyrste gong bryggja til Florø By sitt 150-års jubileum i 2010, men vart ein suksess som vi berre måtte halde fram med. Det er gjæra med ei spesiell overgjær frå eit kloster i Trappist-ordenen i Belgia. Denne gjæra lagar fantastiske øl som er tørre med eit komplekst krydder- og fruktpreg. Til Jubileum brukar vi pils malt, kveite malt, umalta kveite, havregryn og svært moderate mengder humle. Heilt på slutten av kokinga tilset vi korianderfrø og tørka appelsinskall.

Dette gir eit friskt krydderpreg og er med på å gjere Jubileum til den perfekte øla å leske seg på i sommarvarmen.

Mat: Lett sjømat, salat, aperitiff

ØLTYPE ALKOHOL BITTERHEIT VØRTERSTYRKE FARGE
Belgisk kveiteøl 4,7% 15 IBU 11,2 P° Lys gulLys gul

Temperatur:6-8 C°

 

SLÅTTEØL

Slåtteøl er eit lett og friskt øl å leske seg på når høyet er kome i hus. Vi let Trappist-gjæra vår jobbe fritt opp i mot 26 grader C for å få eit godt utgjæra og krydderprega øl.

Denne øla er svært tørr, nærmast syrleg. Vi brukar pils malt som basis og tilsett mindre mengder sur malt, kveite malt, cara malt og münchener malt. I tillegg brukar vi ein liten tanke sjokolade malt for ein djupare gylden farge.

Humlinga er markant med Northern Brewer som bitterhumle og klassikaren East Kent Goldings for aroma.

Mat: Sjømat, salat, lette kjøttrettar, aperitif

ØLTYPE ALKOHOL BITTERHEIT VØRTERSTYRKE FARGE
Belgisk gardsøl 6,0% 32 IBU 12,6 P° Gylden

Temperatur:6-8 C°

BØVELEN

Som etiketten antydar er Bøvelen eit øl ein bør behandle med respekt. Vi har sett på korleis munkane i Trappist-ordenen i Belgia bryggjer og henta inspirasjon frå dei. Trass i alkoholstyrken er Bøvelen eit svært lettdrikkeleg øl.

Ein god belgisk trippel er kjenneteikna av ein gylden farge, balanserte ”belgiske” smakar, eit friskt humlepreg og berre ein tanke sødme i avslutninga. Og alkoholen skal være godt skjult under det heile.

Mat: Modne ostar, smakskraftig sjømat eller som oppstivar føre måltidet.

ØLTYPE ALKOHOL BITTERHEIT VØRTERSTYRKE FARGE
Belgisk trippel 9,5% 35 IBU 19,0 P° Gylden

Temperatur:8 – 12 C°

Godt drikke gjør oppmerksom på at dette prosjektet gjøres uavhengig av alle bryggerier og bryggeriforening. 

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.