Nynorsk Raudvin – no på kartong!

Av Kristin Alsvik.

Eitt år etter ei særdeles vellukka lansering kjem Nynorsk Raudvin i større format – til stor glede for både nynorskbrukarar, tradisjonsmattilhengarar, vinelskarar og andre som har trykka den flotte og folkelege vinen til sitt bryst.

Bilde Nynorsk Raudvin BIBI fjor var Nynorsk Raudvin første vin med nynorsk etikett på Vinmonopolet, i vår kom Nynorsk Kvitvin og no kjem endeleg kartongutgåva av Nynorsk Raudvin.

‐ Dei nynorske vinane har vorte tatt svært godt imot av det norske folk – ikkje minst av nynorsktilhengarar, husmannskostelskarar og vinglade. Vi tykte difor at det var på tide å lansera den raude varianten på kartong, til glede for alle som set pris på vinen – og for å visa han fram til dei som enno ikkje har prøvd han. I stort format er Nynorsk Raudvin nesten umogleg å ikkje leggje merke til, smilar Geir Eikeland, som er dagleg leiar og gründer av Excellars, og mannen bak dei nynorske vinane.

Spesialtilpassa nordmenn og perfekt til norsk tradisjonsmat

Vinen er mellom anna inspirert av folkevinen Rødvin, som gjerne gjekk under namnet ”Norsk Rødvin”. Vinen er Vinmonopolet sin suverene bestseljar gjennom tidene, og var den mest selde vinen i Noreg kvart år fram til 1998.

Men Nynorsk Raudvin sin likskap med ”Norsk Rødvin” stoppar med namnet. Sjølve vinen er ein økologisk Côtes du Rhône med ein smaksprofil som er heilt i samsvar med både norske ganar og norsk tradisjonsmat, og han skal bidra til å setje fokus på gode norske matvaretradisjonar og gjere nordmenn stolte av sin nasjonale matkultur.

‐ Vi ser at tradisjonsmat er i vinden om dagen – mange har leita fram bestemor sine gamle matoppskrifter og er no i ferd med å omfamne den norske husmannskosten igjen. Det tykkjer vi at er stor stas og ikkje i det minste rart. Det blir produsert nydelege råvarer i heile Noreg, og dei fleste av oss har frå vi var barn fått servert gode norske rettar som vi minnast med glede og nostalgi, seier Geir Eikeland i Excellars.

Dutch cowFolkeleg i ordets beste meining

Eikeland ynskjer at Nynorsk Raudvin skal vere ein katalysator for dei gode norske tradisjonane.

‐ Vi har lyst til å gjere nordmenn stolte av norsk mat og norske kyr, sauer og griser – ikkje alle veit kva for nokre moglegheiter som finst og kva slags kvalitet norske råvarer og norsk mat kan ha. Og mange trur ikkje ein gong at vin passar til norsk tradisjonsmat.

Kort fortalt skal Nynorsk Raudvin med andre ord vere folkeleg i ordets beste meining. Vinen er svært lett å like, eit herleg drikkefølgje til norsk mat og veleigna i mange ulike høve.

– Nynorsk Raudvin passar perfekt i godt og lystig lag – dette er ikkje vin ein helst skal nyte med ettertanke og refleksjon. Den er derimot knytta til glede og livshug, og handlar om det gode augneblikket, den gode stemninga og folk ein er glad i, seier Geir Eikeland i Excellars.

– Kua kjem verkeleg til sin rett på boksen

Utsjånaden på den nye vinkartongen er sjølvklårt inspirert av den populære Nynorsk Raudvin flaska.

‐ På kartongversjonen av Nynorsk Raudvin har vi valt å behalde to av dei fire bileta frå flaskeetiketten – kua og sauen. Og særleg kua kjem verkeleg til sin rett i dette formatet! seier Geir Eikeland.

Om du lurer på korleis flaskeutgåva av Nynorsk Raudvin ser ut kan du sjå henne på den eine kortsida – kor ho for høvet er vendt opp ned, slik at tappekranen kjem ut akkurat der korken på flaska er plassert. Og for at du skal sleppe å stå på hovudet for å sjå flaskeetiketten, er denne snudd rett vei igjen.

NynorskRaudvin_Cow_solo-2Nynorsklektyre på kortsida

På den andre kortsida finn du ei ordliste med både kjende og mindre kjende nynorske ord og uttrykk (sjølvsagt med ”oversetjing” til bokmål for dei som enno ikkje er nynorskekspertar). Her finn vi ord som ”andvaken”, ”eldhug”, ”fivreld” og ”hugsviv” –

felles for dei alle er at dei er vene og vakre ord som viser

mangfaldet og rikdommen i det nynorske språket, og som det er viktig at vi tar vare på.

‐ Sjølv om Nynorsk Raudvin sjølvsagt har stor appell hjå nynorskfolket, vil vi gjerne poengtere at bokmålsbrukarar kan ha like stor glede av han – og ikkje berre på grunn av den høge kvaliteten. Med Nynorsk Raudvin på kartong kan dei som skriv bokmål til dagleg lære seg nokre nye nynorske ord medan dei nippar til eit glas raudvin, seier Geir Eikeland i Excellars.

Nynorsklektyren på kartongen kan dessutan vere meir enn berre underhaldning – ifølgje ny forsking frå NTNU kan det å bruke begge målføre mellom anna gjera ein smartare.

‐ Så om du ikkje er nynorskbrukar sjølv kan det vere lurt å gjere Nynorsk Raudvin til din obligatoriske sidevin, smiler Geir Eikeland i Excellars.

Økologisk Côtes du Rhône

Nynorsk Raudvin er laga på økologisk vis av den franske produsenten Domaine Grande Bellane, som held til i Valréas i Côtes du Rhône Villages. Vinmarkene druene kjem frå har alltid vore handsama på økologisk vis, og vingarden har vore sertifisert økologisk i meir enn 20 år. Det betyr mellom anna at produsenten nyttar tradisjonelle arbeidsmåtar og hjelpemiddel som til dømes kompost i staden for kjemiske gjødningar, ugrasmiddel og insektmiddel. Dei har òg som mål å ikkje gripe inn meir enn dei må, slik at naturen får arbeide mest mogleg på eiga hand. Druene blir dessutan ikkje hausta før dei er fullmodne, og Nynorsk Raudvin har difor vorte ein saftig vin med mykje frukt og silkemjuke tanniner.

Nynorsk Raudvin har ein klar raud farge, og duftar av raude og mørke bær, krydder, nøtter og urter. Vinen har god konsentrasjon, fin friskleik og lette tanniner, og han smakar av flott og saftig frukt med friske raude og mørke bær og eit hint av peppar og paprika.

Som hand i hanske til norsk tradisjonsmat

Nynorsk Raudvin passar som hand i hanske til det meste av norsk tradisjonsmat, og går godt saman med både storfe, lam, fisk og norske ostar. Vinen passar ikkje minst perfekt til viltkjøt – særleg «mildare» vilt som elg og hjort. Han kan òg fungere fint til rype om smaken ikkje er for stram.

Nynorsk Raudvin 2012 er tilgjengeleg på kartong i bestillingsutvalet til 400 kroner, og finst på flaske til 129,90 kroner. Dei står begge òg i hyllene til ei rekkje Vinmonopol-­‐ butikkar rundt om i landet.

Til kvitvinstilhengarar og sjømatelskarar

ForsideNynorsk KvitvinYnskjer du deg eit kvitt alternativ finst sjølvsagt det òg – den friske og fruktige kvite Bordeaux-­‐vinen Nynorsk Kvitvin, med stemningsfylte bilete av norsk natur på framsida og fagre dikt ført i pennen av Arne Hjeltnes på baksida. Vinen duftar og smakar av grøne eple, solbærblad og sitrus med eit hint av grøne urter. Halvparten av vinen har vore lagra på eitt år gamal fransk eik i seks månader etter gjæring, og det har gitt vinen eit balansert fatpreg med delikate tonar av vanilje og røyk. Nynorsk Kvitvin har òg ei flott syre, og han er rein og frisk i avslutninga.

Nynorsk Kvitvin er som den raude varianten ein ypparleg matvin, ikkje minst til så godt som alle typar norske fisk-­‐ og skaldyrrettar, både lette variantar og kraftigare rettar med urter og mykje smak. Vinen går dessutan svært godt saman med lyst kjøt som kylling og kalkun, gjerne med ein rik og krema saus. Samstundes passar han godt til grønsaker, ikkje minst asparges, samt mange norske ostar, både milde geitostar og kraftigare saker.

Nynorsk Kvitvin 2012 er tilgjengeleg i bestillingsutvalet og mange Vinmonopol-­‐utsal til 119,40 kroner.

Visste du at…

• Ivar Aasen blei fødd i 1813 – for nøyaktig 200 år sidan – og difor er det Aasen-­‐ jubileum i 2013

• Ifølgje ny forsking frå NTNU får nordmenn som bruker både nynorsk og bokmål mange av dei same fordelane som fleirspråklege – dei blir mellom anna smartare, meir kreative og flinkare i matematikk

• Ifølgje Spisefaktaundersøkelsen 2012 auka interessa for tradisjonsmat kraftig blant nordmenn for tre år sidan

• Om vi set alle norske kyr etter kvarandre i ei lang rekke frå Oslo kjem vi akkurat til Côtes du Rhône i Frankrike – kor Nynorsk Raudvin er laga

• Ein kartongvin har verdas mest miljøvenlege vinemballasje – det økologiske fotavtrykket til ein kartongvin er heile 75 prosent mindre enn ei vinflaske

• Oppbevar alltid kartongen kjølig – då held han seg mykje lenger, både i åpna og uåpna tilstand

2 KOMMENTARER

  1. Dette om Nynorsk raudvin på papp fekk eg vite no, 6. april 2017, trass i fleire vitjingar på ulike vinmonopol i Oslo og omegn. Der veit dei mest ikkje om Nynorsk raudvin, og må søkja for å finna ut om vinen er tilgjengeleg i Oslo-området. Det er han ikkje, korkje i Oslo-området eller i Trøndelag, der eg var nyleg. Ein må tll Vestlandet for å få vinen. Det bur mange nynorskbrukarar både i Oslo-området og i Trøndelag, så dette var nedslåande. Sjølv skal eg tinga eit par kassar til eit åremålslag i juni, men kan de ikkje gjera meir for å spreida kunnskap om vinen?

Svar på Hilde Rognlien Johansen, Bærum MållagAvbryt svar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.